Toggle mobilmeny

Anders Totland

Født: 18.11.1986
Bosted: VALEN, Vestland

Forfatteren besøker gjerne

Barnehager. Bibliotek. Grunnskole 1.-4. klasse. Grunnskole 5.-7. klasse. Grunnskole 8.-10. klasse. Høyskole og universitet. Litterære arrangementer og festivaler. Næringsliv og organisasjoner. Sosiale institusjoner. Videregående skole

Tema

Livet, døden, sjukdom, vennskap, vampyrar og prestar.

Bokutgivelser

Litterære produksjoner

PEST OG PLAGE
Verdas verste pandemiar. Hausten 2021 kom Anders Totland ut med ei om dei verste sjukdommane som har herja i Noreg og verda, frå byllepest til korona. Gjennom enkeltpersonar sine lagnader, og dei store historiske linjene, fortel han om utvikling av medisin og vaksinar, store oppdagingar og grufulle hendingar. Underhaldande og aktuelt, om noko av det som opptar folk aller mest for tida.

DEI VERKELEGE SJØRØVARANE
Kven var dei, og kva var det som gjorde at enkelte søkte eit liv som lovlaus på havet? Gjennom arbeidet med boka «Norske sjørøvarar – om plyndring og kapring i norske farvatn» har Anders Totland gjort eit djupdykk i pirathistorie. Det handlar om maktkamp og røving, om kolonisering og krig. Men ikkje minst handlar det om korleis heilt vanlege menneske har enda på utsida av samfunnet, og kva utanforskapen har drive dei til.

VINDMØLLEKAMPEN
– eit foredrag om den store motstanden mot vindkraft i norsk natur som blussa opp i løpet av 2019 og 2020. Utgangspunktet for foredraget er arbeidet med ei dokumentarbok for vaksne med same tittel, som Totland gav ut i februar 2021. Gjennom fleire år har han følgt motstanden tett, og har reist landet rundt for å snakka med folk og prøva å forstå kva det er som driv den sterke motstanden. Og ikkje minst korleis dette kunne skje.

ENGEL I SNØEN
Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen. Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystalla.
Nokon vil ikkje at pappa skal vite at ein har vondt, sjølv om pappa veit at ein er sjuk, veldig sjuk. Nokon har snart bursdag.
Nokon skal snart døy.

DEN NORSKE SLAVEHANDELEN
Du har kanskje høyrt om slavehandelen og tenkt at det var slikt dei dreiv med i USA i gamle dagar. Men visste du at det var nordmenn som deltok, både på skipa, på slaveforta i Afrika og i koloniane på andre sida av havet? Dei jobba som matrosar og styrmenn, guvernørar og dommarar, medan fleire hundre tusen afrikanarar blei frakta over havet med dansk-norske skip. Det er ei historie om sjukdom og død, opprør og straff. Men òg om ei ny verd med nye sjansar for den som visste å spela korta sine rett. Med utgangspunkt i sakprosaboka Den norske slavehandelen, som kom ut hausten 2018, snakkar Anders Totland om denne mørke og lite kjende sida av norsk historie.

NATTMANNEN OG DEN SKITNE UNDERVERDA
Nattmannen var han som tok seg av avfallet, flådde hestar og rydda etter at bøddelen hadde gjort sitt. Dette yrket blei sett på som fullstendig ærelaust, og folk trudde heilt på alvor at nattmannen var smittsam. I foredraget om Nattmannen fortel Anders Totland om ære og skam, og kva det gjer med eit menneske og ei gruppe å bli sett på utsida av det gode fellesskapet. Og ikkje minst om korleis menneska som var aller nedst på rangsstigen kunne utvikla ei underverd som strekte seg over heile Skandinavia gjennom fleire hundre år.

UT I ROMMET
Hausten 2019 gav Anders Totland ut biletboka Ut i rommet, som ved første augesyn handlar om Alva som drøymer om å reisa til månen. Men minst like mykje handlar boka om mennesket sin kamp om å erobra verdsrommet. Det handlar om kappløp og dyr, om berømte frasar og gløymde heltar. Det heile blir med som eit bakteppe i denne økta, der forfattaren prøver å få elevane med på både tankesprang og meir nøkterne refleksjonar rundt mennesket si ferd ut i det uendelege verdsrommet.

 

 

 

 

WWW.ANDERSTOTLAND.COM

Facebook-logoGyldendal-logo