Tema
Poesi. Samtidslitteratur. Ungdom, oppvekst, familie, skole. Samfunn (sosiale spørsmål, politikk). Eget forfatterskap. Skrivekurs, kreativ skriving. Drama. Romanen, novellen. Andre litterære emner.
Bokutgivelser
-
Olav H. Hauge og trea. Om å sjå naturen – og klimakrisa no! (Essays, Efrem/Lengt, 2021)
-
Flyg ut kom tilbake (Lyrikk for barn og ungdom, Wigestrand Forlag, 2017)
-
Apalgard (Roman, Wigestrand Forlag, 2014)
-
Det er så lyst (Lyrikk, Wigestrand Forlag, 2011)
-
Stemma mi er her (Lyrikk, Kapabel Forlag, 2008)
-
55 dikt om far (Lyrikk, Kapabel Forlag, 2005)
-
KVIT, og som vind (Lyrikk, Wigestrand Forlag, 2004)
-
Når dei vakne ser (Lyrikk, Samlaget, 1999)
-
Marmormjølk (Lyrikk, Samlaget, 1996)
Anne Karin Fonneland (f. 1956) er frå Sunde, der ho også bur i dag. Til dagleg underviser ho i norsk og samfunnsfag ved Kvinnherad vidaregåande skule.
I 1996 debuterte ho med diktsamlinga «Marmormjølk», der eit gjennomgåande tema er menneskesinnet som kjem på kollisjonskurs med utanforliggjande krefter. Seinare har ho følgd opp med fleire lyrikksamlingar som alle har hausta gode kritikkar. I tekstane hennar handlar det ofte om dei grunnleggjande kåra i menneskelivet, der det vert gjeve ord til det ordlause. I diktsamlinga «Kvit, og som vind» (2004) skriv ho ”mjukt og gripande sterkt” om alderdom i den siste livsfasen på institusjon. … ho tar både livet og lyrikken på alvor. Det krev både godt handverk og stort talent. Ei ny stor samling frå Anne Karin Fonneland. (Hadle Oftedal Andersen, Dag og Tid.) …gjennomført,stramt og fint. Reint og enkelt med ei underleg poetisk varsemd. (Sindre Ekrheim. Bergens Tidende.)
Nemnast må også «Stemma mi er her» (2008), som inneheld dikt og bilete frå baroniet i Rosendal, men med eit vidare perspektiv.
Diktsamlinga ” Det er så lyst” kom i 2011. Under tittelen ” Lysande dikt” skriv kritikaren Tore Elias Hoel i Dag og Tid. ” tittelen på denne fine, sterkediktsamlinga er velvald. I nesten kvart einaste dikt er det lys.” ”forfattarskapen fortener i alle fall stor merksemd. Det har vore ei positiv overrasking å lese desse rike og kloke dikta.”
Fonneland har også skrive og medverka til bøker for born, i antologiane «Heltane er mette» (1996) og året etter i «Under påskemånen». I 1998 kom oppfølgjaren «Sju-ni-tretten», om ei klasse på sju elevar som no skal få ein ny elev i klassen. I 2017 gjev ho ut ei diktsamling for born med tittelen Flyg ut. Kom tilbake.
2014 debuterte ho som romanforfattar med «Apalgard» Det er ein roman om korleis vi havnar i relasjonar og korleis vi fell ut av dei att, om psykologi og filosofi, arv og miljø, kjønnsrollemønster og klimautfordringar, og om naturen som omgjev oss. «Apalgard» er ein roman om det som avgjer vala våre og formar dei liva vi lever.
«Etter fem diktsamlingar debuterer Anne Karin Fonneland (f. 1965, deb. 1966) som romanforfattar med ‘Apalgard’. Boka er lekkert skriven, ei rein nyting å lesa. Språket er klårt og smidig, presist og yndefullt, med den ranke ærlegdomen som respekt for realitetar og menneske gjev. Som eit lite stykke fiktiv, men realistisk norsk etterkrigshistorie er romanen både sosiologisk og ikkje minst psykologisk interessant.»
– Erik Lodèn, Stavanger Aftenbladet.
Kurs: Lær meir om dikt

Kurset er for alle dei som ønskjer å læra meir om dikt. Aktuelle grupper kan t.d vera lærarar eller tilsette i barnehagar.
Kva ønskjer ein?
– Læra meir om dikt og verkemiddel i dikt?
– Læra om å skriva dikt?
– Læra om barnedikt?
– Læra om nynorske dikt og forfattarar?
Anne Karin Fonneland har m.a utdanning i litteraturvitskap og er lærar i norsk og samfunnsfag i vidaregåande skule. Ho har hatt ei rekkje kurs i lyrikk for vaksne om å skriva lyrikk. Ho lagar svært gjerne kurs for både born og vaksne. Ho har tidlegare jobba i grunnskule og har hatt ansvar for barnebibliotek der hovudarbeidet var formidling av litteratur for born i barnehagar og grunnskule.
Ho tilpassar kurslengde og innhald etter ønskje frå aktuelle oppdragsgjevarar.
Anna formidling
Anne Karin Fonneland tek oppdrag som føredragshaldar om litteratur og emne innan samfunn og kultur. Ho har utdanning frå universitetet i litteratur, sosiologi, psykologi og mediekunnskap. Fonneland har og solid praksis som formidlar og kurshaldar for både born og vaksne. God kjennskap til litteratur og forfattarskap gjer at ein tilpassar kurs etter behov.
Fonneland har i ei rekkje år vore arrangør og medansvarleg for forfattarseminar ved Undarheim gard og Sunde kystkultur og litteratursenter, der ho har presentert mange forfattarskap.
Jon Fosse: Fonneland har skrive oppgåve i mellomfag litteraturvitskap om Jon Fosse sin forfattarskap.
Olav H. Hauge: I april 2016 publiserte Anne Karin Fonneland essayet: Å lyda etter vinden i medlemsheftet ”Venelaget Olav H. Hauge.”
Olav Nygard: I 1997 publiserte Fonneland førelesinga Ny lyrikk i møte med Olav Nygard i” Nordica Bergensia” ved Nordisk Institutt, Bergen. Ho deltok som føredragshaldar ved Nygard-stemna same året.
OM ROMAN: Fonneland har gitt ut romanen Apalgard i 2014 og snakkar gjerne om romanen som sjanger.
Ho snakkar også om eigen eller andre sin forfattarskap.
Fonneland avtalar nye oppdrag om forfattarskap, litteratur og samfunn for dei som ønskjer det.