Toggle mobilmeny

Atle Berge

Født: 17.05.1986
Bosted: Hokksund, Viken

Tema

Alexander Kielland-ulykka. Sportsklubben Brann. Trav. Lett, vittig og urein litteratur.

Bokutgivelser

OM FORFATTAREN

Atle Berge (f. 1986) er utdanna journalist, og arbeider til dagleg for Norsk Forfattersentrum. Berge skapte med sine tre romanar Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) eit særeigne univers der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte. I 2017 dokumenterte han livet sitt som Brann-supporter på branndagboka.no, og Berge har også skrive fem lettleste fotballbøker om Barcelona-gjengen.

Hausten 2019 kom Puslingar, ein roman som tek utgangspunkt i Alexander Kielland-ulykka. For denne vart Berge tildelt tidenes første LOs litteraturpris. Boka vart også nominert til EUs litteraturpris.

Diskursteori for barn og fulle folk

I romanen Diskursteori for barn og fulle folk (Samlaget, 2022) møter lesaren jordfar og Brann-supporter Arne Fjørtoft som går til krig mot alt som gjer livet meir likegyldig, stressande og einsamt enn det treng å vere. Boka eignar seg som utgangspunkt for samtalar om tema som det postmoderne arbeidslivet, individualisme og felleskap, og ikkje minst supporterkultur.

Skulebesøk

Berge har vore på ei rekke skuleturnéar med eit fast opplegg basert på bøkene sine om Barcelona-gjengen. «Heltar og skurkar i Barcalona-gjengen» passar best for 3. og 4. klasse, og bruker fotballhistoriene til å lære elevane om dei mest grunnleggande elementa i ei tradisjonell forteljing.

Kielland-foredrag

Basert på romanen Puslingar (2019) har Berge laga eit foredrag der han gir publikum innblikk i Alexander Kielland-ulykka, og det dramatiske etterspelet, gjennom å lese frå boka og fortelle.