Toggle mobilmeny

Atle Hansen

Født: 18.11.1954
Bosted: STORD, Vestland

Forfatteren besøker gjerne

Bibliotek. Grunnskole. Grunnskole 1.-4. klasse. Grunnskole 5.-7. klasse. Grunnskole 8.-10. klasse. Høyskole og universitet. Litterære arrangementer og festivaler. Næringsliv og organisasjoner. Sosiale institusjoner. Videregående skole

Bokutgivelser

Om forfattaren
Atle Hansen er ein svært røynd opplesar, artist og formidlar etter fleire tiårs turnering både som forfattar og visesongar. Han har turnert for DKS frå Finnmark til Agder og sunge viser på alt frå store festivalar til små private arrangement. Han tek oppdrag i både opne og lukke forsamlingar, i skular, bibliotek, pubar og private festar.

Kor får du ideane frå?
Eitt av dei spørsmåla Atle Hansen har oftast fått på sine mange skulebesøk er dette: Kor får du ideane frå? Og i dette programmet gir han svar på dette, gjennom opplesing, forteljing, drama, sitrande spenning og mykje humor. Eit par songar vert det også plass til.

Lettlese, men ikkje lettvint
Ein skuletime med spenning, mystikk og lettlesne tekstar.  Atle Hansen har skrive fleire spennande bøker, som både er lettlesne og poetiske. Han har fått Ordknappen frå Leser søker bok, og både ”Svartedalen” og ”Flukt” var nominerte til Bokslukerprisen. I dette programmet les han frå bøken og fortel om skrivinga og arbeidet med bøkene.

Syng meg heim

Hansen


Foto: Nils-Tore Sele, Bømlo-Nytt

Atle Hansen syng songar med eigne tekstar, les frå bøkene sine og fortel om liv og oppvekst i Sunnhordland. Eit program som har slått godt an i bibliotek og Den kulturelle spaserstokken.

Songar frå Sunnhordland
Atle Hansen syng songar med tekstar av Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad og han sjølv. Hansen opptrer også med program saman med dei to nemnde forfattarane og i kabaretgruppa Vaksne menn på ville vegar – der også Hans Sande og Roald Kaldestad er med  saman med Hovland, Kaldestad og Hansen.