Toggle mobilmeny

Helga Gunerius Eriksen

Født: 11.10.1950
Bosted: BERGEN, Vestland

Forfatteren besøker gjerne

Barnehagar, bibliotek, grunnskole 1. - 4. klasse, grunnskole 5. - 7. klasse, høgskole og universitet, litterære arrangement og festivalar, næringsliv og organisasjonar, vidaregåande skole.

Tema

Det er ikkje tema som er hovudsaka for denne forfattaren, men måten å fortelje på. Ho har likevel ein ide om at kunsten kan snakke om alt med alle.

Når ho i si siste Artist Book har sydd materialbilde og skrive dikt, skildrar ho prosjektet slik:
Kunstnaren har samla skattar frå skuffer og skrap frå grøfter og laga broderte bilde og poetiske tekstar for alle aldrar.
Utstillinga tek utgangspunkt i verdssituasjonen i dag, med krig og terror og menneske på flukt. Bildeserien er ei forteljing om katastofe og gjenoppbygging – frå krise til nytt håp. Men dette er ei forteljing om korleis det øydelagde kan reparerast og brukast om att til noko nytt og lovande:
”No må vi gjere så godt vi kan.”
Materialbilde av tekstil, broderigarn, pynteband, knappar, skruar, spiker, gaupepels, fjør, ormeskinn, paljettar, skjel, plastleiker, ymse skrot. (Sjå illustrasjon under)

Anette Thorsheim har laga musikk til tekstane, og dei vil gjerne turnere med musikalsk vandreutstilling.

HELGA ERIKSEN: BØKER FOR VAKSNE

HELGA GUNERIUS ERIKSEN: BØKER FOR BARN OG UNGDOM

HELGA (GUNERIUS) ERIKSEN er cand. mag. med faga keramikk og filosofi. Medlem NBU og DnF. Fødd i Stavanger, oppvaksen på Stord, bur i Bergen.
Har skrive bildebøker, romanar, dikt, dramatikk og forteljingar for barn, ungdom og vaksne. Sidan 1986 har ho skrive 25 bøker i tillegg til teater for barn, tverrkunstnarlege prosjekt, tekst til dans og musikk, bidrag til antologiar, kunstkatalogar, tidsskrift og festskrift, essay, artiklar og illustrasjonar. Har motteke fleire prisar, m.a. Kritikarprisen, Brageprisen og Samlagsprisen.
Leitar alltid etter nye blikk på verda og vil gjerne formidle det ho finn til barn og vaksne samstundes.

www.facebook.com

Foto: Andreas Dyrdal