Inger Bråtveit (f. 1978 i Bergen) er ein norsk forfattar som fekk mykje merksemd med debutromanen sin. For Munn mot ein frosen fjord (2001) mottok ho Nynorsk Litteraturpris frå Noregs Mållag i 2002. Bråtveit festa posisjonen sin som ein av våre viktige, samtidige forfattarar med andreboka si, romanen Siss og Unn (2008). Hovudpersonane i boka er henta frå Tarjei Vesaas Is-slottet.
Bråtveit vaks opp i Suldal og studerte litteraturvitskap, nordisk og teatervitskap i Bergen der ho skreiv mastergradsoppgåve om Is-slottet.