Toggle mobilmeny

Ingunn Røyset

Født: 18.09.1965
Bosted: ULSTEINVIK, Møre og Romsdal

Forfatteren besøker gjerne

Bibliotek. Grunnskole 5.-7. klasse. Grunnskole 8.-10. klasse. Litterære arrangementer og festivaler. Næringsliv og organisasjoner. Sosiale institusjoner

Tema

Andre verdskrigen, vennskap, oppvekst.

Bokutgivelser

Ingunn Røyset er utdanna sosionom, make-up-artist og landbruksavløysar og har jobba som sosialkurator, stylist og budeie. Den mangfaldige bakgrunnen har ho dei siste 15 åra brukt i jobben som journalist. Ingunn er opphavleg frå Hareid på Sunnmøre, men bur no på Flø i Ulstein kommune. Ho debuterte med Prins Storm i 2012. Dei tre siste bøkene hennar handlar om andre verdskrigen og skildrar korleis det er for born å vekse opp i krig.

www.samlaget.no

Litterære produksjoner

DEI ET IKKJE SJOKOLADEPÅLEGG I KRIGEN
Skattekista til mormor har kome ned frå mørkeloftet. Der har ho minna sine frå krigen. Vi blir med Dagny tilbake i tid. Til då bombesplintane hagla, tyske soldatar marsjerte og russefangane svalt og lengta heim.  Den 10 år gamle hovudpersonen i Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigenrotar seg inn i mormora sin nattkjole og 70 år tilbake i tid.

BREVET FRÅ KRIGEN
Jorun var 12 år då krigen starta, då bombefly flaug over flaggstonga i hagen og rett over huset. Livet på ferieidyllen Lindøya i Oslofjorden vart aldri det same. Frå kjøkkenvindauget var Jorun vitne til den tyske invasjonen 9. april 1940, ho såg allierte fly som slapp bomber over Oslo sentrum og Donau som segla sakte forbi med dei norske jødane på veg til Tyskland.