Forfatteren besøker gjerne
Videregående skole, høyskole og universitet, litterære arrangementer og festivaler, bibliotek, sosiale institusjoner, næringsliv og organisasjoner
Tema
Kjærleik, dating, Tinder, forhold, hekt, arbeidsløyse, einsemd, kjønn, samfunn, humor i litteraturen, litteratur generelt, eige og andres forfattarskap, gjerne eldre forfattarskap, samfunn og historie.
Bokutgivelser
-
Eg bur her no (Lyrikk, Samlaget, 2021)
-
Eg et før eg kjem (Lyrikk, Samlaget, 2020)
OM FORFATTEREN
Kari Anne Bye er utdanna historikar frå Trondheim. Ho har bakgrunn og utdanning frå drama og teater, i tillegg til pedagogikk og nordisk. Bye er ein erfaren formidlar, med erfaring frå scene, museumsformidling, foredrag og undervisning. Ho har også jobba i bibliotek og arkiv.
Forfattaren trivst godt med opplesing, litterære samtalar og anna formidling, ho har allsidig bakgrunn og interesser, og kan snakke og samtale om mange ulike tema. Ho har også erfaring som programleiar/ leiar for litterære samtaler. Som forfattar ligg Bye gjerne i spennet mellom det lyse og det mørke, lette og tunge, humor og alvor, og ho kan både ha formidlingsoppdrag av meir humoristisk slag, som kva som kan skje når ein forviller seg ut på Tinder, eller oppdrag og samtaler om meir alvorlege tema, som einsemd eller sorga over at livet ikkje vart som ein hadde tenkt. (Men ofte blir det jo litt av begge delar.)
Les meir på samlaget.no
LITTERÆR PRODUKSJON
Eg et før eg kjem (Bok)
Dette er ei «leiken og humoristisk» bok om einsemd. Og Tinder-dating. Ei bok om å være eit fleksibelt menneske i møte med både dating og arbeidslivet. Om å vere chill, sjukt chill, når ein eigentleg har eit djupt behov for nærleiken til eit anna menneske. Hovudpersonen er ei kvinne i 30-åra som lastar ned Tinder. Det verkar som ein god ide der og da.
Les meir om boka på samlaget.no.
Eg et før eg kjem (Produksjon / formidlingsopplegg)
Produksjon for skulebesøk i vidaregåande skule. På turne med Den kulturelle skolesekken frå haust 2022. Ein kombinasjon av forfattarbesøk, behandling av tema frå boka, som kjærleik, dating, det å vere bra nok (og ikkje) og den digitale røynda, og om dikt generelt.
Eg bur her no (Bok)
Korleis kan ei ta imot kjærleiken når ein har sett kjærleiken døy før? Kvifor er det så skremmande å ta imot det gode? Og kva vil det seie å høyre heime ein plass? Dette er ei bok om å gå inn i eit forhold, ei bok om frykt, om kjærleik, og det å gå å vente på katastrofen. Hovudpersonen i denne boka er ei kvinne som kanskje finn, kanskje får, det ho leitar etter. Men korleis kan ein vite det heilt sikkert?
Les meir om boka på samlaget.no
Begge bøkene er gjeve ut som dikt, men dei kan òg godt kallast diktromanar.