Forfatteren besøker gjerne
Bibliotek. Høyskole og universitet. Litterære arrangementer og festivaler. Næringsliv og organisasjoner. Sosiale institusjoner. Videregående skole
Tema
Klima, Svalbard, skrivekurs
Bokutgivelser
-
Foxi. Sledehunden ingen ville ha (Sakprosa, Samlaget, 2022)
-
Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard (Sakprosa, Samlaget, 2020)
I 2015 gjekk det eit digert snøskred midt i Longyearbyen. Ei jente og ein familiefar døydde. Hausten etter gjekk det fleire jordskred, før eit nytt snøskred rasa inn i eit hus i sentrum. Noko er gale på Svalbard. Sidan 1961 er øygruppa varma opp seks gonger raskare enn verdsgjennomsnittet.
Line Nagell Ylvisåker har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar der og kallar plassen for heime. Brått kjenner ho seg uroleg når det er varsla uvêr. Kva i alle dagar skjer med byen hennar?
På leit etter svar snakkar ho med skredvarslingsmeteorologen som sjølv vart gravlagd i snømassane i 2015. Ho oppsøker ein fangstmann med 40 overvintringar bak seg, reiser på tokt for å forstå havstraumane, jaktar fossil frå dei historiske Svalbard-skogane og støyter på tre isbjørnar på tur med ungane. Gjennom året følgjer ho òg arbeidet med å sikre Longyearbyen mot naturfarane.
Verda mi smeltar er ei forteljing om stigande uro og om å leve midt i klimaendringane.
Lenker
www.ylvisaaker.com
www.samlaget.no