Toggle mobilmeny

Martine Grande

Født: 08.02.1985
Bosted: TRONDHEIM, Trøndelag

Forfatteren besøker gjerne

Bibliotek. Grunnskole 1.-4. klasse. Litterære arrangementer og festivaler

Tema

Vennskap, mobbing, psykisk helse, teikning, animasjon.

Bokutgivelser

Om Forfatteren

Martine Grande elskar å skrive og teikne! Ho er utdanna animatør og har laga mykje forskjelleg, mellom anna animasjonsteater, kortfilmar og ikkje minst barnebøker. Martine kjem gjerne på besøk over heile landet.
www.samlaget.no

LITTERÆRE PRODUKSJONER

KAKERLAKKEN MED DEN STYGGE FRAKKEN
Kakerlakken er redd for å blø, redd for å dø. Men ho er òg redd for å leve. Kvar finn ein lys og glede når hausten har gøymt sola og fargane?
I denne litterære produksjonen har Martine med seg både boka og den animerte filmen om Kakerlakken. I tillegg har Martine utvikla ein workshop der barna får utfalde seg kreativt med skriving og teikning. Passar for 1.-4. klasse.

TAPAR
Kan ein tapar vinne?
Dovendyret Dag er lei av å komme sist i mål. Han øver og øver og trener og trener. Men reven Ronny er rask og slu. Kan Dag vinne konkurransen?
Martine har i denne litterære produksjonen med seg ein workshop der ungane får jobbe kreativt med tekst og bilde. I tillegg har Martine laga animasjonar til kvart oppslag som gjer opplesinga meir interaktiv. Passar for 1.-4. klasse.