Toggle mobilmeny

Tor Arve Røssland

Født: 30.10.1971
Bosted: OS, Vestland

Forfatteren besøker gjerne

Bibliotek. Grunnskole 1.-4. klasse. Grunnskole 5.-7. klasse. Grunnskole 8.-10. klasse. Høyskole og universitet. Litterære arrangementer og festivaler. Næringsliv og organisasjoner. Sosiale institusjoner. Videregående skole

Tema

Eige forfattarskap, enkelttitlar frå bibliografien, forholdet film/litteratur, barne- og ungdomslitteratur, om formidling av bøker.

Bokutgivelser

Tor Arve Røssland skriv bøker for barn og ungdom i svært ulike sjangar: humor for yngre barn, grøss og spenning for ungdom, og dystopi for dei som likar framtidsfablar. Han har gitt ut bøker både på nynorsk og bokmål, og han har gitt ut tilrettelagte spenningsbøker for ungdom som slit med lesinga. Dei mest framtredande bøkene i forfattarskapet er dei nynorske grøssarane i serien om Svarte-Mathilda, og dei frittståande romanene «Glimt» og «Kodeord Overlord». Han har vore nominert til Uprisen og Bokslukerprisen til saman seks gonger, og han turnerer mykje i barne- og ungdomsskulen men fleire ulike opplegg rundt bøkene sine. I tillegg held han skrivekurs, som kan vare frå to timar og opp til ei heil veke.

www.forfattaren.no
www.facebook.no
www.samlaget.no

Litterære produksjoner

OVERLEVE (5-9 klasse)

Her blir du kjent med tenåringane Jamal og Eira i bokserien «Overleve». Dei to trettenåringane må takle enorme utfordringar etter at klimakrisa har gjort store deler av planeten vår ubebueleg. Elevane som får dette opplegget får høyre om klimaforskinga som ligg til grunn for bøkene, og korleis ein kan skape ei spennande forteljing der naturkatastrofar skaper utfordringar for hovudpersonane. Røssland tar opp eit av dei tema som engasjerer den unge generasjonen aller mest. #spenning #scifi #sciencefiction #dystopi #nynorsk #klima #miljø

KODEORD OVERLORD (5-9 klasse)

Bokslukerprisnominert bok som er inspirert av ei sann historie, og som forfattaren fekk ideen til då han var tolv år gammal. Den boka han har brukt desidert mest tid på å skrive! Spennande presentasjon der elevane får kunnskap om korleis livet var i England under andre verdskrigen, og korleis ein ung spionmistenkt gut kunne ha endra krigens utfall. Tema: #spionasje #andreverdskrig #spenning #ww2 #DDagen #vennskap #kryssord

ABSOLUTT PODE (2-4 klasse)

Fire bøker om seksåringen Pode blir presentert på ein morosam måte. Elevane får innblikk i korleis ein finn på karakterar og korleis ein skriv både spennande og morsomme forteljingar. Tema: #humor

SVARTE-MATHILDA (5-8 klasse)
Presentasjon av den dobbel-Uprisnominerte serien Svarte-Mathilda. Forfattaren fortel om vandrehistorier og korleis dei direkte inspirerte til skrivinga av bøkene. Elevane for òg eit underhaldande blikk bak bøkene og korleis dei vart skrivne. Tema: #grøss #skrekk #vandrehistorie

GLIMT (6-9 klasse)
Uprisnominerte «Glimt» blir presentert med høgtlesing og inspirerande bakgrunnsmateriele, både om andre verdskrigen og sjølve skriveprosessen. Tema: #skrekk #grøss #andreverdskrig #ww2

KRIM FOR UNGDOM (7-10 klasse)
Med utgangspunkt i bøkene «Dronen», «Snatch», «Gamer» og «Jegeren» snakkar forfattaren om korleis og kvifor han skreiv akkurat desse bøkene. Tema: #krim #gaming #nasjonalisme #radikalisering #kidnapping #Skumringserien