
Samstundes som Taliban har tatt tilbake kontrollen over Afghanistan, er Erlend Skjetne og Simon Stranger aktuelle med romanar som på ulikt vis får fram konsekvensane av konfliktane i landet. Også fleire andre forfattarar har skrive gode bøker om temaet dei siste åra, og står derfor også på denne lista, meint for deg som skal lage eit arrangement med Afghanistan som tema, eller berre treng eit lesetips.
Har du lese ein forfattar som manglar på lista, eller er du medlem og ønsker oppdrag der Afghanistan er tema, høyrer vi gjerne frå deg!

Foto: Leikny Havik Skjærseth
Erlend Skjetne
Har skrive ungdomsromanen Eit anna blikk (Flamme forlag) om livet til atten afghanske flyktningar på eit mottak i Nord-Noreg.
Kontakt Skjetne her.

Foto: André Løyning
Simon Stranger
Ute med romanen 304 dager (Aschehoug forlag) om Afghanistan-veteranen Nicholas.
Kontakt Stranger her.

Foto: Privat
Khatol Wakil Momand
Khatol Wakil Momand flykta frå Afghanistan til Norge saman med familien sin i 1999. Med novellesamlinga Ranga og humorboka Master of satan, begge skrive på morsmålet dari, set Momand fokus på kulturelle og politiske praksisar som undertrykker kvinner.
Kontakt Momand her.

Foto: OsloMet
Elisabeth Eide
Har skrive ei rekke bøker, både romanar og sakprosa, der Afghanistan speler ei sentral rolle. Eide har også jobba for Afghanistankomiteen og med «Forfatternes hus» i Kabul, og er i dag medlem av afghanistanutvalet til Norsk PEN.
Kontakt Eide her.

Foto: Christina Ottosson Øygarden
Geir Angell Øygarden
Har skildra Afghanistan sett frå bakken i bøkene Bagdad Indigo (Pelikanen forlag, 2011) og Odysevs åre (Gyldendal, 2017).
Kontakt Øygarden her.

Foto: Marte Garmann/J. M. Stenersens forlag
Simen Sætre
Gav i 2017 ut sakprosa boka Tolken (Cappelen Damm) der den afghanske tolken Qais Wahidis fortel om arbeidet for dei norske styrkane i Afghanistan.
Kontakt Sæthre her.

Are Iversen, Firda / Samlaget.no
Katrine Sele
Fortel i sakprosaboka Jølster hotell (Samlaget, 2017) historiene til asylsøkarar frå mellom anna frå Eritrea, Etiopia, Sudan, Syria, Irak og Afghanistan.
Kontakt Sele her.
Toppbildet viser det Afghanske flagget, og er henta frå Wikipedia som har publisert fila med public domain-lisens.